Ansatte på Nordisk Forskningsinstitut – Københavns Universitet

Videresend til en ven Resize Print Bookmark and Share

Nordisk Forskningsinstitut > Ansatte

Astrid Marner

Astrid Marner

Postdoc

Eg forskar på den kristne kulturen i Norden i perioden 1000–1550. Mitt utgangspunkt er tekstar bevarte i handskrift og handskriftsfragment.

Nett no driv eg eit prosjekt om manuskript som er skrevne på to språk: norrønt og latin. Prosjektet er finansiert av EU gjennom Horizon 2020, og det har tittelen "Tracing the Invisible. Old Norse and Latin in medieval manuscripts" med akronymet INVISIBILIA Grant agreement No 654147.

Før det var eg medlem av prosjektet "Frå handskriftsfragment til bokhistorie" ved Universitetet i Bergen. Dette prosjektet blei finansiert av Bergen Research Foundation (BFS). Der jobba eg med lectionaria officii, som er lesebøker til bruk i tidebøn, og liturgien i Nidarosprovinsen i ulike bevarte former. Dette arbeidet er ikkje enno heilt avslutta.

Elles er eg interessert i preikenkultur i mellomalderen, særleg på Island og i Noreg. Eg har òg forska om bispesetet Skálholt på 1400-talet, Peter Comestors historia scholastica i Norden og Grímr Hólmsteinssons Jóns saga baptista II.

ID: 44774547